torsdag 31. januar 2008

Born og nye medier veke 02-04

Erfaringane;

Når eg tenker tilbake på desse vekene som har gått, har tida gått veldig fort. Og eg har lært utroleg mykje! Den fuste veka snakka vi om trygg på internett, fusk og fanteri. Dette var ei meget læringsrik økt, men det med born på internett skremmer meg, og her må me alle gjera noko! Så me ikke opplever noko slik som danmark har, den tv repotasjon som me såg denne veka; var skremmande. Tenk at det finnast så sjuke folk her i verden, og at han nekter for det etter på, når han veit at han er tatt. Eg blir rett og slett kvalm, når eg tenker på han. Og stakkars dei borna. Og så får haa 30 dagers fengsel, du får jo meir vist du stjeler frå ein butikk. :(
Eg var sjølv innpå sol.no og chatta, var ein heil haug med ekle grisar der!! Så det som blir viktig no er at; det er vi som lærare og foreldre som må passa på kva borna gjere på internett. Og at me gir dei rette haldningar, prøva vil dei alltid gjera, men me kan gi dei den rette haldninga!

Dei to neste vekene har me prøvd ut mange ulike program, det har vore utroleg kjekt :) Mange av dei vil eg ta med meg ut i praksis. Pivot stor koste eg meg deg, og det med digital forteljing virka kjekt. Og så med denne sammansette teksten me har i oppgåva, har vore kjek. Kjekt å gjera noko som me ikkje gjere kvar veka.

Eg seier ikkje så mykje om punktpraksis og det her, har skreve om det. Men det passa godt inn under desse vekene, og det var vore veldig bra at me har kunne jobba med på det skulen og hatt Birgit der til å hjelpa oss.

Så min erfaring etter desse vekene er berre gode. Eg har synest det har vore kjekt og lærerikt, og kan ikkje finna noko som eg ville ha forandra på. Me kunne gått hatt tema i ein veka til og hatt litt meir om; bilde redigering.

Revidert 22 april 2008

Samansett tekst; Gjekk utroleg bra, og det var kjekt å laga. Charlotte hadde lyst å ha Gummi tarzan, noko som var heilt greit for meg. Det er ei kjek og morsom bok. Me fekk lov av forlaget til å bruka bildene i boka og lydane på lydkasseten.
Eg laga animasjon, ved hjelp av pivot. Det likte eg veldig godt. Me brukte windows movie maker, noko som me begge to har brukt fleire gonger før. Derfor møte ikkje me på nokon problemar, alt gjekk fint. Den samansette teksten vår halder om Ivan som er hovud personen i boka, og om korleis han har det. Men alt seier me ikkje, det må lesaren finna ut ved å lesa boka.

fredag 25. januar 2008

Observajson - laga opplegg - praksis

Først var me på obeservasjons praksis 9 jaunar, då jobba dei med spørsmål i krl på datan, dei gjekk innpå fronter og henta spørsmåla og leverte dei inn igjen der. Timen etter på jobba dei med Google Earth. Dei maskinane dei har på Langeland er ikkje dei beste, dei må slå dei av og på eit par gongar i løpet av timen når noko går gale. Internett faller ut når alle er på nettet. Men men, eg trur elevane synast det er heilt greit, ser at dei liker å skriva på datan. Er alltid kjekt å gjera noko utanom det vanlega.

No skulle me laga eit opplegg til dei, ein heil dag (8.30 - 12.15). Satt me oss ned i gruppa; Eg, Charlotte, Christina, Gunnar, Mariann og Håvard. Og begynnte å diskutera kva me kunne tenka oss å læra dei. Det var ein del att og fram, det første me tenkte på var å snakka om chat, msn osv. Men dei hadde hatt eit stort opplegg om dette, for ikkje så lenge siden.
Så fant me ut me vil læra dei Power Point og korleis bli ein god "nett jegar". Me laga ein oppskrift til dei, som sa steg for steg kva dei skulle gjera. Me laga 2 ulike tema til dei, dyr og sprot. Lasta ned bileter frå multimedia bassen, og lagde mapper innpå froter, slik at dei hadde bileter til presentasjonen. Me lånte og faktabøken til dei.

Praksis dagen; Om morgoen var me 6 studentar, 5 lærare og 51 elevar i eit klasserom. hehe, det var litt fult kan du sei. Gunnar og Håvard kjørte ein liten introduksjon av Power Point, så blei dei delt inn i grupper på 3 og 3. B klassen gjekk inn i sitt klasserom, og alle satt i gang med arbeidet. Me satt av 3 skule timar til at dei skulle jobba med presentasjoen og så i 4 time skulle dei framføra, vist dei blei ferdig mykje før skulle me visa dei korleis bli ein god nett jegar. Dei 3 timane gjekk utroleg fort, og det såg ut som om elevane koste seg, og alle fekk det til. På slutten skulle dei lasta det inn på fronter, slik at me kunne visa det fram til alle. I 4 time samla me oss alle i a klasserommet. Og ei gruppa etter ein annan framførte, dei var utroleg flinke! Var kjempe kjekt å sjå på resultatet, dei hadde fakta, tekst, bilder, overganger, lydar. Når dei framførte fekk alle på gruppa sei noko.

Eg hadde ein kjempe dag med dei, og eg trur alle lærte noko nytt :) Me på gruppa var vertfall kjempe fornøydd med korleis dagen blei, det var øvingslærarane og. Så no teller eg dagane til me skal ut der igjen!

Revidert 22 april 2008

IKT er veldig aktuelt i skulen i dag, Å kunne bruke digitale verktøy er ein av dei grunnleggende ferdigheter i LK06. I alle fag ståer det kva det vil seier å kunne bruke digitale verktøy, og korleis det skal gjerast.

Me lever i den tida der veldig mykje styrast via IKT, og det er derfor viktig at elevane tidleg blir kjendt med IKT som eit hjelpemiddel.

søndag 13. januar 2008

Born og nye medier veke 02-05

Veke 02 :)

Då var eit nytt skule år i gang! Og eg gler meg til å komma igang og ikkje minst å gå ut i praksis igjen!

Mandags økt var utroleg lærerik, mange born og unge chatter på nettet, eg brukar sjølv msn dagleg. Men eg leggjer ikkje til personar eg ikkje kjenner. Og born og unger er ikkje klar over farane som er der ute, og det må skulen ta tak i! Eg var sjølv innpå sol.no å chatte. Loga meg på som jente 16, og innan 2min så var 15 menn innpå meg og spørt om alt mulig, ikkje noko vanlege spørsmål for å sei det son. Noko var rett så slett så ekelt, at eg blei dårleg.
Fekk gåshud, at det er så mange sjuke folk her i verden, er skremande. Så det er veldig viktig at me lærar born om farane i tidleg alder. I 1 klasse må me starta, eg veit ikkje heilt korleis eg ville ha gjort det. Men det eg veit; at me må skappa holdningar, for born vil som regle prøva ut nye ting, og ved å laga forbud. Trur eg du friste nokon til å prøva.

Når me snakker om detta temet, må eg berre sei etter det som har vore i alle aviser og på tv om lommemannen og utalelsen til hans forsvarar. Det er ikkje løye det er sjuke folk her i verden, når hana forsvarar seier dette ikkje er noko, eg kan ikkje la væra å tenke på alle born og unge som har blitt utsatt for noko sont! Eg skal ikkje sei noko meir, kan godt henda media har laga alt for stor om denne saken?! Men å sei at det lommemannen har gjort er ikkje noko gale, ER FEIL!

Torsdag lekte me oss med nye program, eg stor koste meg :) Dei 3 programa var utroleg kjekt og lette. Eg har lyst å ta med meg vertfall pivot ut i praksis, eg stor koste meg med det programet :) Var nett som ein liten unge igjen, men så er eg berre 19. hehe

Synest det var ei kjempe økt, kjekt å bli kjendt med nye program på datan. Og denne gangen gjekk det ikkje for fort, eg fekk med meg alt!

Revidert 22 april 2008

Fusk og fanteri. Ein ting eg lærten denne dagen, var at eg ikkje kunne henta bilete frå internett og bruka dei i undervisning. Noko me gjore heila tida på vgs og ungdomsskulen. Men no har eg lært detta, vil eg passa på at mine elevar i framtida er klar over dette.

Fusk i skule samanhang for meg er juks på prøva, innlevering osv. Her må vi skape ei holdning i klassen at fusk er noko me ikkje gjere, noko me er imot. Ein lære ingen ting ved å fuske, ein må gjera det sjølv for å lære noko nytt.

torsdag 10. januar 2008

Godt nyttår :o)

Eg vil bruka detter innlegget til å skriva litt om det eg har gløymt.. heh:P

Først å fremst vil eg sei til Birgit at det var kjempe kosleg den dagen me var heima hos ho. Først hadde me ein tur i landåsen, det var litt snø og det gjorde det meget kosleg. Når me kom heim til Birgit laga ho vafflet til oss, dei var meget gode. Me satt ein heil jente gjeng samla og snakka om det alle hadde opplevd i praksis. Alle hadde opplevd noko ein anna ikkje hadde opplevd, det er kjekt å høyra på kva andre har sett og opplevd. Dette var ein kjempe kjekk dag, kosleg å komma seg ut i natur. Men likavel ha faglig innhold.

Dei to vekene eg var i praksis opplevde eg ganske mykje;

Tirsdag var første dagen i praksis og eg skulle undervise i norsk andre time om forenkling av dobbel konsonant. Eg var ikkje redd eller noko ting, før dagen kom. Var så usikker på om eg skulle klare dette?! Første timen hadde øvingslærar, eg kjente eg gjekk berre der og kvidde meg... Så kom timen og eg skulle undervise for ein heil klasse. off, så redd eg var. Men det gjekk utroleg fint, klassen var kjempe snille med meg. Det var litt tavle undervisning, og så jobba ein med oppgåver. Men når eg underviste stor koste eg meg.

Eg fekk utroleg mykje skrytt :) Og det er jo alltid kjekt, dagen etter på hadde eg matte med klasse, det var kjempe kjekt. Det blei ikkje heilt ein undersøkingslandskap, men det såg ut som om elevane koste deg, dei kom bort etter timen og fortalte kor kjekt dei hadde hatt det.

Det var 2 utroleg kjeke veker, dei gjekk alt for fort, savner å være der. Gler meg kjempe masse til å komma tilbake, det er ein kjempe klasse!

Måle mit var; å kunne stå framfor ein klasse og undervise, og få dei engasjerte. Og eg føler sjølv eg nådde detta målet!