torsdag 23. august 2007

Tankar om Ped faget!


Når me først blei presantert med detta å bruka blogg, tenke eg hjelpe meg!! Det kan ikkje verta lett, men etter Birgit sin framvisning, er eg meir sikker på at detta kan eg klara.. hehe
Eg trur eg kan læra mykje av denne metoden, og ein kan ha godt av å sjå kva andre meiner og tenker. Og er litt spennande og bruka blogg.

Når det gjeld tankane rundt ped. faget, veit eg ikkje heilt kva eg tenker heilt enda. Eg trur det blir eit tøfft fag, og at ein må jobba ein god del med det. Men eg gler meg til å komma godt i gang, etter det som me er blitt presentert med, virker det gøy og mykje nytt å læra.

Revidert 16. april 2008

Eg føler deg er kjempe kjempe lenge sio eg skreiv detta innlegget. Kva tankar eg hadde om ped.faget? hmm. Eg trur eg var litt redd for at det ville væra utroleg vanskeleg, og når eg såg på pensum lista, hjalp ikkje det så mykje. Så mange bøker i eit fag, hadde eg aldri set. Og tenkte med meg sjølv, skal eg klara å lesa alle desse bøkene?.
Men ped. var og det faget som ville væra heilt nytt for meg, trur mine første tankar om dette faget var: masse å lesa, ville bli kjedelig (for det var så masse) og at eg ikkje ville skjønna noko. hehe
Kva forvetningar eg hadde til dette faget i høst, er eg usikker på. For å væra ærlig tenker eg ikkje så mykje på kva eg forventer, men eg nok litt den personen som finn det negativt først. Og så gruer eg meg litt.

Litt morsomt å tenke tilbake til, for dette faget har vore det kjekast detta året. Vore masse nytt, men eg kan ein del no føler eg. Har vertfall fått innsikt i mange nye ting, og trur med åra som kommar vil eg skjønna enda meir.
Kan ikkje sei at dette faget har vore negativt, tvert imot. Vore kjekt å sett at bak handlingar er det ein grunn, som for eks. Når ein elev er uroleg, så er det ting i elevens verden som gjere at han handle slik han gjer.

Eg vil sei ped. er det faget eg har lært mest om korleis det er å være lærar. Og kor mykje ein må ta hensyn til.
Og når eg tenker på kva eg tenkte om pensum, må eg faktisk le. Eg har kommen meg gjennom bøkene (dei tema me har snakka om). Og det har vore kjekt å lest! Så etter dette året har eg vertfall blitt flinkare til å lesa pensum og så tenka gjennom det etter på. Og det mykje takket væra bloggen.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Franny...
Eg ser du er godt i gong, og du er veldig flink til å kommentera dei andre sine bloggar og... Kjempeflott!!
Elles er vi jo "nyss på fjorden rodd" som dei seier, i høve til faget. Her kjem det stadig meir...

Birgit :-)