søndag 23. september 2007

Observasjon

Meir enn berre å "sjå"

Å vera observerande = vermåte

Det å obeservera er eit hjelpemiddel og eit verktøy for pedagogen, når du ser noko er det viktig at du skiller ut det som er mindre viktig og tar med deg det viktigaste. Du må skildra det du faktisk ser, og ikkje kva du trur og kunne tenkje deg å sjå. Det tar oss 10 sek. å laga oss ei meinging om ein person. Og når vi har laga oss ein oppfatning, er det vanskeleg å snu den. Dette blir viktig å tenke på ute i skulen, og vist du tenkjer deg om. Så er det ikkje kjekt vist folk ser på deg i 10 sek. og så trur dei at dei kjenner deg. Vi mennesker er veldig flinke å dømma folk etter det vi ser med fuste blik.

"Hva og hvordan jeg ser, sier noe om hvem jeg er og blir" Bae.

Eg trur at når vi skal obeservera at vi tenker posetivt og ikkje henge oss opp i det spesiele. Det er mykje vi kan obeservera på ein skule, og det eg trur er viktig er at vi ser på korleis dei er med kvarandre og då tenker eg spesielt på mobbing. Og her er det vertfall viktig at vi er klar over at vi kan feiltolke, og vi skal ikkje gjera oss opp ei meining basert på ein ting vi ser. Vi mennesker dømmer kvarandre alt for fort, vi må kunne observera uten at vi begynner å leggje på meir enn det vi ser. Og ikkje lager oss ein konklusjon av ein personar og hendingar ut av det vi ser.

Det vi skal jobba med under praksis er å kunne sjå; korleis er barn? Vi kan sjå på korleis dei kler seg, kva dei snakker om, kva dei leker med, og er opptatt av. Det er mange måtar du kan føre det du ser, du kan skrive loggbok, føgje min for min, forteljing osv.

Det du ser gir deg grunnlag til refleksjon, å forstå.

Revidert 23 april 2008

Når eg sjølv skulle ut i observajson, var eg ikkje heilt sikker på kva eg ville sjå og oppleva. Ville det eg såg stemma med korleis eleven var? Men eg forventa vel at eg skulle lærar noko når eg skulle på observasjon.

Observasjon og loggføring trur eg er viktig i skulen fordi; når eg observerer ser ein ofte ting som ein ikkje ser til vanleg, og ved loggføring kan ein reflektera i etter kant. Men ein bør ikkje væra for rask til å treka ein konklusjon, ein kan av og til at oppfatta det feil.

Når eg blir kjendt med ein person vil ein kunna gjera observasjon på ein annan måte, du veit korleis personen er til vanleg, og vil kunna sjå om personen er glad eller trist.

I skulen må ein kunne gjera observasjonar, eg trur du lærar mykje av det å sjå korleis barn oppfører seg.

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, Franny, du skulle sjå og finna ut noko om korleis barn er, og korleis skulen er. Har du noko du vil leggja til i høve observasjon og loggføring no som du faktisk har vore i praksis?

Birgit :-)

Franny Maria sa...

Hei Birgit:)
Eg skreiv ned det eg såg etter at dagen var slutt, det hjalp meg til å huska og så fekk eg reflektert over det seinare.
Eg blei kjendt med elevane berre ved å sjå på dei.