torsdag 1. november 2007

Oppsummering av læringsteoriane.

Mandagen starta med to framføringar, dei var veldig flinke og igjen fekk me sjå teoriane frå ei anna sida.
Når eg tenker på det; så er det ganske løye å sjå at me alle har ulike tankar om det å undervissa, me skal jo alle ut i det same yrket. Men eg skulle ønska det var ein fasit, så vist noken vil laga det til meg, er eg veldig takksam;) hehe

Eg kan berre sei med ein gong, at når me begynnte å gå igjennom teoriane så datt eg fort av. Eg begynnte å skriva på eit ark, så skrive eg for stort og eg begynnte på eit nytt ark, då hang eg litt etter. Og når Birgit spørte om noko, klarte eg ikkje få med meg kva ho spørte om, var opptatt av å skriva. Og så etter å ha fått ned eit par punkt, såg eg på det og det var rotete. Og eg fant meg eit nytt ark, og då brukte eg ei godt tid på å ta igjen alt som var kommen opp på tavlo.

Eg kan ikkje sei eg er så nøye på korleis eg skriv, men når eg ser ned og ser at eg ikkje har kontroll, finn eg som oftast fram ein nytt ark. Så i denne timen etter at eg begynnte på det 3 arket, datt eg heilt ut av det som skjedde fram på tavlo, fekk ikkje med meg det Birgit sa eller dei andre rundt meg. Og når eg skal skriva av ei tavla med så masse ord, så leser eg ikkje orda, skriv dei berre ned og rekner med det betyr noko. hehe:P

Off, det skal ikkje væra lett, og når orda blir lange, så klare eg ikkje huska korleis eg skriv dei, så eg må sjå opp og ned ein del gongar før eg er ferdig å skriva ordet....

Men men, når eg sat meg ned og såg over det eg har skreve, så har eg fått inn mykje meir stoff. Og det var gode ord som var kommen ned på arket mitt. Så når eg kom heim og fekk lest over det i ro. Fekk eg ein god gjennom gang av teoriane.

Eg har eigentlig ikkje så mange tanker rundt dette nett no, veit ikkje heilt kva eg skal tru og meina. Likte veldig godt Mi-teorien, siden eg har sotte meg best inn i den. Men eg er veldig open nett no, kan ikkje sei det er ein teori som er best, men igjen; Eg skulle ønska det var ein fasit


Revidert 23 april 2008

Repitisjonen Birgit laga etter denne økta, var heilt super. Ting kom så godt fram. Og den oversikten vil eg nok få bruk for i fleire samanhenger.

Begrepet til Dewey er noko eg har sansen for: "learning by doing".
Dewey har hatt stor betydning for vektlegging av temaarbeid, prosjektarbeid og gruppearbeid i skulen. Dette er nok dei arbeids metodane eg sjølv liker best!

Kurset me hadde i formatering var til stor hjelp, men eg er langt i frå ein mester i det. Men ved å skriva fleire oppgåver, kjem eg nok inn i det. Kunne gjerna ha tenkt meg endo eit slikt kurs, er alltid noko ein kan bli betre på.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Fasitar kunne vi nok alle tenkt oss, spesielt i byrjinga når alt "sviv" på ein måte, men etterkvart, når ein får tid til ettertanke, og ting fell "på plass" så lærer ein seg å setja pris på at det ikkje fins nokre fasitar, og at det er rom for å finna sin "eigen veg". Eg har lagt inn oppsummering og på CF i mappa for veke 44. Om du ser der, er det ei meir utfyllande oppsummering, som gjerne kan koma godt med når de skal til å skriva oppgåva?!
Lukke til!

Birgit :-)