søndag 13. januar 2008

Born og nye medier veke 02-05

Veke 02 :)

Då var eit nytt skule år i gang! Og eg gler meg til å komma igang og ikkje minst å gå ut i praksis igjen!

Mandags økt var utroleg lærerik, mange born og unge chatter på nettet, eg brukar sjølv msn dagleg. Men eg leggjer ikkje til personar eg ikkje kjenner. Og born og unger er ikkje klar over farane som er der ute, og det må skulen ta tak i! Eg var sjølv innpå sol.no å chatte. Loga meg på som jente 16, og innan 2min så var 15 menn innpå meg og spørt om alt mulig, ikkje noko vanlege spørsmål for å sei det son. Noko var rett så slett så ekelt, at eg blei dårleg.
Fekk gåshud, at det er så mange sjuke folk her i verden, er skremande. Så det er veldig viktig at me lærar born om farane i tidleg alder. I 1 klasse må me starta, eg veit ikkje heilt korleis eg ville ha gjort det. Men det eg veit; at me må skappa holdningar, for born vil som regle prøva ut nye ting, og ved å laga forbud. Trur eg du friste nokon til å prøva.

Når me snakker om detta temet, må eg berre sei etter det som har vore i alle aviser og på tv om lommemannen og utalelsen til hans forsvarar. Det er ikkje løye det er sjuke folk her i verden, når hana forsvarar seier dette ikkje er noko, eg kan ikkje la væra å tenke på alle born og unge som har blitt utsatt for noko sont! Eg skal ikkje sei noko meir, kan godt henda media har laga alt for stor om denne saken?! Men å sei at det lommemannen har gjort er ikkje noko gale, ER FEIL!

Torsdag lekte me oss med nye program, eg stor koste meg :) Dei 3 programa var utroleg kjekt og lette. Eg har lyst å ta med meg vertfall pivot ut i praksis, eg stor koste meg med det programet :) Var nett som ein liten unge igjen, men så er eg berre 19. hehe

Synest det var ei kjempe økt, kjekt å bli kjendt med nye program på datan. Og denne gangen gjekk det ikkje for fort, eg fekk med meg alt!

Revidert 22 april 2008

Fusk og fanteri. Ein ting eg lærten denne dagen, var at eg ikkje kunne henta bilete frå internett og bruka dei i undervisning. Noko me gjore heila tida på vgs og ungdomsskulen. Men no har eg lært detta, vil eg passa på at mine elevar i framtida er klar over dette.

Fusk i skule samanhang for meg er juks på prøva, innlevering osv. Her må vi skape ei holdning i klassen at fusk er noko me ikkje gjere, noko me er imot. Ein lære ingen ting ved å fuske, ein må gjera det sjølv for å lære noko nytt.

2 kommentarer:

Bertin sa...

Det er vanskeleg å ikkje vera einig med deg i det du seier, støttar deg fullt ut både når det gjeld "sjuke" folk i verda og Lommemannen.

Når me kjem til torsdagsøkta er eg einig i at det var kjekt, men var det verkeleg naudsynt med ei heil økt til dette??

Franny Maria sa...

Hmm, me kunne kansje ha brukt dagen til noko anna og, men eg fekk veldig god oversikt over dei 3programa. Kan dei godt, og føler meg tygg på å bruka dei..