Først var me på obeservasjons praksis 9 jaunar, då jobba dei med spørsmål i krl på datan, dei gjekk innpå fronter og henta spørsmåla og leverte dei inn igjen der. Timen etter på jobba dei med Google Earth. Dei maskinane dei har på Langeland er ikkje dei beste, dei må slå dei av og på eit par gongar i løpet av timen når noko går gale. Internett faller ut når alle er på nettet. Men men, eg trur elevane synast det er heilt greit, ser at dei liker å skriva på datan. Er alltid kjekt å gjera noko utanom det vanlega.
No skulle me laga eit opplegg til dei, ein heil dag (8.30 - 12.15). Satt me oss ned i gruppa; Eg, Charlotte, Christina, Gunnar, Mariann og Håvard. Og begynnte å diskutera kva me kunne tenka oss å læra dei. Det var ein del att og fram, det første me tenkte på var å snakka om chat, msn osv. Men dei hadde hatt eit stort opplegg om dette, for ikkje så lenge siden.
Så fant me ut me vil læra dei Power Point og korleis bli ein god "nett jegar". Me laga ein oppskrift til dei, som sa steg for steg kva dei skulle gjera. Me laga 2 ulike tema til dei, dyr og sprot. Lasta ned bileter frå multimedia bassen, og lagde mapper innpå froter, slik at dei hadde bileter til presentasjonen. Me lånte og faktabøken til dei.
Praksis dagen; Om morgoen var me 6 studentar, 5 lærare og 51 elevar i eit klasserom. hehe, det var litt fult kan du sei. Gunnar og Håvard kjørte ein liten introduksjon av Power Point, så blei dei delt inn i grupper på 3 og 3. B klassen gjekk inn i sitt klasserom, og alle satt i gang med arbeidet. Me satt av 3 skule timar til at dei skulle jobba med presentasjoen og så i 4 time skulle dei framføra, vist dei blei ferdig mykje før skulle me visa dei korleis bli ein god nett jegar. Dei 3 timane gjekk utroleg fort, og det såg ut som om elevane koste seg, og alle fekk det til. På slutten skulle dei lasta det inn på fronter, slik at me kunne visa det fram til alle. I 4 time samla me oss alle i a klasserommet. Og ei gruppa etter ein annan framførte, dei var utroleg flinke! Var kjempe kjekt å sjå på resultatet, dei hadde fakta, tekst, bilder, overganger, lydar. Når dei framførte fekk alle på gruppa sei noko.
Eg hadde ein kjempe dag med dei, og eg trur alle lærte noko nytt :) Me på gruppa var vertfall kjempe fornøydd med korleis dagen blei, det var øvingslærarane og. Så no teller eg dagane til me skal ut der igjen!
Revidert 22 april 2008
IKT er veldig aktuelt i skulen i dag, Å kunne bruke digitale verktøy er ein av dei grunnleggende ferdigheter i LK06. I alle fag ståer det kva det vil seier å kunne bruke digitale verktøy, og korleis det skal gjerast.
Me lever i den tida der veldig mykje styrast via IKT, og det er derfor viktig at elevane tidleg blir kjendt med IKT som eit hjelpemiddel.
fredag 25. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Eg slår direkte til som kritisk ven.......Fekk de nokon tilbakemeldingar frå elevane?? Korleis tykte dei det var?? Lærte dei noko??
Elevane sa ikkje noko til oss, klokka var 12.15 rett etter sista gruppa hadde framført. Men dei sa når dei gjekk ut fra at dei hadde hatt det velig kjekt, og at dei ville gjera detta igjen. Eg trur dei lærte noko; korleis å bruka programet,laga nytt lys bilde, leggja inn bilder og lyd. Bruka ulike effekter.
Legg inn en kommentar