fredag 24. august 2007

Kvifor lærar og kvifor studere ved HSH?

Kvifor eg vil bli lærar veit eg eigentlig ikkje heilt, men eg har vore handball trenar i 4år, og det har vist meg at det er kjekt å lære vekk ting til andre, det er ein fantastisk følse å sjå at noken klarer det du har vist dei. Og eg har fått veldig mykje skrytt opp gjennom dei orda, at eg er ein flink og god trenar.

Når ei av jentene på laget seier at dei har hatt ei kjek trening, føler eg at eg har lykkes, og når ein kan sjå framgangen på dei, får eg ein følse som ikkje kan beskrivast. Eg har fått til mykje med dei jentene eg har hatt dei 2 siste år, eg har opplev mykje i lag med dei, alt fra å vinne seriar til å rykke ut i cup.
Eg trur og håpar at lærar vil gi meg mykje av det samme, og mest av alt eg liker å lære frå meg, dele med andre det eg kan. Og det å jobbe med barn og unge er noko av det eg er 100% sikker på at eg vil.

Og min største drøm er å kunne leggje til rette i skulen hjelp til dei som har lese å skrive vanskar (dysleksi), eg veit korleis er å føla seg dom når ein skriv samme skrivefeil, gong på gong. Og unansett kor mykje ein prøver, så ser ein ikkje feilen..
Eg trur ikkje at det går ann å forstå kor vanskeleg det kan væra, utan å har opplevd det, å føle seg dom på skulen er ikkje lett. Og det å sjå at andre rundt deg ikkje får den hjelpen dei treng, gjere meg sur og skuffa over korleis skulane er i dag. Eg seier ikkje at alle skular er slik, men etter mi erfaring så treng noken å ta tak i problemet!! Og det vil eg når eg er ferdig på HSH!

Kvifor eg valde HSH; fordi eg følte det som eit tryggt valg, kansje eg tok det lette valget?, men eg liker meg på Stord. Har mange gode venner og handball miljøet her, gjere at eg er ikkje heilt klar for å flytta vekk her frå.
Eg liker veldig godt å ha det trygga rundt meg, spesielt fam. og venner som betyr alt for meg.
Og etter 14 dager på HSH så angre eg ikkje ein plass, eg tok kansje eit tryggt valg, men eg trur alikavel at eg kan voksa som person der forda om eg ikkje er langt vekka frå alle heima.

2 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Hei Franny!
Så bra du skriv, om dysleksi og sånn. Gler meg til du skal ut i verda og forandre skulane! Hehe.. Neida, men eg synest du har veldig bra tankar, og eg er heilt einig med deg. Stå på :)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Så kjekt å lesa at du er 100 % sikker på at det er med barn og unge du ynskjer å arbeida. Det er eit godt utgongspunkt for ein lærar. Du har og sjølv kjent på kroppen korleis det er å ha dyslexi, og har difor ein unik innsikt i korleis ein bør møta born med slike vanskar i skulen. Vonar du får høve til å fordjupa deg i det spesialpedagogiske feltet innan du kjem ut i skulen, anten på HSH eller på ein annan høgskule. Vi kjem såvidt innom tema iløpet av dei to fyrste åra i pedagogikken, så det her skal vi snakka meir om... Kjekt at du kjenner at det å utdanna seg lokalt var eit rett val for deg. Ingen er like, veit du...

Birgit :-)