tirsdag 28. august 2007

Skildring av læraren min frå ungdomsskulen


- Døra opna seg stille, og inn kom ein ny lærar, ho hadde eit vennleg smil og fekk med ein gong ein ro i klassen. Som om vinden hadde tatt alle stemmer.
Ho presenterte seg på ein venleg måte og med ein koseleg stemme. Når ho underviste var som om det ho gjore alle interesserte, det var som om alle sinne blikk var trylla til å sjå på tavla.
Og kvar timer begynna med at ho fortalte noko morsamt frå hennas ungdomstid.
Og med eit hadde ho skapt ein god stemming, og når ho begynna undervisninga var alle i godt humør og ein kunne sjå at alle følte med, og når nokon hadde spørsmål, forklarte ho til eleven forsto det. Når vi jobba med oppgåver kom ho alltid rundt til oss og såg korleis det gjekk, ho var alltid så hjelpsam, som ei mor på skulen. Og vist noko av gale kunne me alltid komme til ho. Ein kunne kjenne at ho verkeleg brydde som om oss, ho tok del i det vi var opptatt av og med dette skapte ho eit klasserom med varme og tryggleik.

Det som gjere at eg husker ho så godt, er at eg er ei jenta som er nervøs rundt nye folk, og snakkar ikkje i klassen utan at eg føler meg trygg. Ho fekk meg til å føle med trygg, og ho har hatt mykje å sei for korleis eg har blitt etter på. No tør eg meir å snakka i klasserom og ta ordet og sei mine meiningar.
Ho fekk og utroleg mykje å sei for klassen vår, ho var vel kanskje nesten den einaste som fekk så stor respekt i klassen, men det var fordi ho gidde oss respekt til bakke. Eg trur ho forandra mange, ho hadde tru på oss alle. Og sa alltid; ”alle her inne kan komme så langt dei vil”.

Og mest av alt; når me skulle ha eksamen i 10 klasse kom ho tilbake på skulen frå mammapermisjon for å hjelpa oss gjennom engelsken (som var blant hennas fag).

2 kommentarer:

Håvard Haga sa...

Høyrest ut som ein lærar som er god med menneske, og slike gullkorn vil alle ha ;)

God skildring!

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Franny...
Det er så kjekt å ha eit så godt førebilete å sjå attende på, og som kan læra ein så mykje om dette med omsorg og varme, og gode tilhøve for læring. Det var ei skildring som gjorde meg varm om hjarta... Det er sånne lærarar vi treng i skulen.

Birgit :-)