mandag 31. desember 2007

Animasjon og bilethandsaming


Eg har heilt gløymt å skriva om denne økta, tenkte vel ein del på oppgåva rundt denne tida, og så satt eg meg aldri ned med bloggen etter på. Kan som sagt sei at eg ikkje har jobba noko med det me gjore denna timen før no.. Har heilt gløymt det, og har tenkt meir på norsken som skal inn i veke 2. Men eg får prøva å gjera det denna veka som kjem, har ei heil veka til med ferie, og det er godt :)

Men eg lærte litt for mykje den dagen trur eg, for det var alt for mykje nytt for meg. Så i dag husker eg ikkje så mykje av det me gjorde.. off.. Det var utroleg gøy å få til den animasjonen, men eg husker ikkje no heilt korleis eg gjorde det.. Så håper me kjem tilbake til det, ein gong til. Det med å laga collagen var meget kjekt, men eg fekk ikkje gjort så mykje den timen, men eg skal prøva å laga meg eit jula bilde denna veko.

Utroleg kjekt å få muligheten til å læra noko slikt, men eg håper me kan ha ei økt til, eg trur det hadde vore kjekt å tatt det med seg ut i praksis. Trur elevane ville like det veldig godt.

Revidert 22 april

Må berre sei at etter jul lærte eg meg å bruka pivot, dette programet liket eg kjeme godt. Så min animasjon er lengre oppe, hesten min:) hehe.
Det med å laga plakat har eg ikkje fått til, men eg kunne alltid ha spørt om hjelp. Men når sant skal seiast, har eg ikkje prioritert å få det gjort. Alt anna har berre komt fust. Så eg kunne tenke meg ein ny "data" dag til høsten. Ein repitisjon om dette, og kansje noko nytt, som ein kan ta med ut i skulen :)

torsdag 29. november 2007

Undervisningsplanlegging











- Kva ein lærar må tenkja gjennom

Det er mykje ein må tenkje gjennom før ein skal ha ei undervisnings økt, det veit eg no etter at eg har vore i praksis. (kjem tilbake til dette under i revidert).

Det er 10 teser for god undervisning; og desse bør eg tenkje på heile vegen når eg tenkjer på korleis ein skal planlegja ei økt. Blandt anna metoder, effektivitet, støtte, sammen heng osv.

I skulen er det mykje som skal planleggast ; Ein skal planlegga økt, tema, periode, halvårsplan, årsplan.



Mark(v)is(e) - prinsippa
Motivere
Aktivisere
Konkretisere
Variere
Individalisere
Samarbeide
Evalure

Læraren - den viktigaste faktoren i skulen! Og det ein må huske på er at det alltid må væra ein samanheng mellom lærar - elev - skule (trekant).

Ein del av dette er litt svart for meg nett no, men eg veit at det å planlegje ei økt var ei stor utfordring for meg.. Trur eg vil lære meir neste praksis periode. Då ser ein korleis det er i praksis.



















Revidert 28 april 2008
"Når et opplegg for en læringsøkt, periode e.l. skal planlegges, er det mange spørsmål som reiser seg:
  • Hva er elevene interessert i på det aktuelle området?


  • Hva kan elevenen om dette emnet?


  • Hvilke mål skal elevene arbeide mot?


  • Hvilke arbeidsmåtar bidrar til at elevene kan arbeid aktivt med lærestoffet?


  • Hvordan kan elevene trekkes aktivt med i planleggingsarbeider?


  • Hvordane få fram informasjon om levens læringsutbytte?



Det å tenke over slike spørsmål er kjernen i planleggingen. Uten systematisk planlegging vil ulike sider av arbeidet bare kunne bli ivaretatt ved tilfeldigheter. De spøsmålene som er listet opp ovenfor, handler nettopp om kategotiene i den didatiske relasjonsmodellen: læreforutsetninger, rammefaktorer, mål, innhold, læringsaktiviteter og vurdering." (Lyngsnes og Rismark s. 126-127)

Langeland skule hadde sitt eige diamantskjema. Den var ganske lett å bruka, og var kjempe greit å bruka til planlegging. I dag synast eg det er vanskeleg å tenka tilbake korleis det var å planglegga mi første undervisnignsøkt. Eg huske rett og slett ikkje, noko som er litt domt. Visst eg ser tilbake til praksis perioden no i vår, så gjekk planlegginga av seg sjølv. Eg hadde gjort det før, og eg møtte ikkje på nokre problemar. Og sida me jobba 6 studentar i lag, plana vi alle øktene i lag.

Det som var vanskeleg var å finne motivasjon faktoren, men her hadde eg ein øvingslærar som hjelp meg.







torsdag 1. november 2007

Oppsummering av læringsteoriane.

Mandagen starta med to framføringar, dei var veldig flinke og igjen fekk me sjå teoriane frå ei anna sida.
Når eg tenker på det; så er det ganske løye å sjå at me alle har ulike tankar om det å undervissa, me skal jo alle ut i det same yrket. Men eg skulle ønska det var ein fasit, så vist noken vil laga det til meg, er eg veldig takksam;) hehe

Eg kan berre sei med ein gong, at når me begynnte å gå igjennom teoriane så datt eg fort av. Eg begynnte å skriva på eit ark, så skrive eg for stort og eg begynnte på eit nytt ark, då hang eg litt etter. Og når Birgit spørte om noko, klarte eg ikkje få med meg kva ho spørte om, var opptatt av å skriva. Og så etter å ha fått ned eit par punkt, såg eg på det og det var rotete. Og eg fant meg eit nytt ark, og då brukte eg ei godt tid på å ta igjen alt som var kommen opp på tavlo.

Eg kan ikkje sei eg er så nøye på korleis eg skriv, men når eg ser ned og ser at eg ikkje har kontroll, finn eg som oftast fram ein nytt ark. Så i denne timen etter at eg begynnte på det 3 arket, datt eg heilt ut av det som skjedde fram på tavlo, fekk ikkje med meg det Birgit sa eller dei andre rundt meg. Og når eg skal skriva av ei tavla med så masse ord, så leser eg ikkje orda, skriv dei berre ned og rekner med det betyr noko. hehe:P

Off, det skal ikkje væra lett, og når orda blir lange, så klare eg ikkje huska korleis eg skriv dei, så eg må sjå opp og ned ein del gongar før eg er ferdig å skriva ordet....

Men men, når eg sat meg ned og såg over det eg har skreve, så har eg fått inn mykje meir stoff. Og det var gode ord som var kommen ned på arket mitt. Så når eg kom heim og fekk lest over det i ro. Fekk eg ein god gjennom gang av teoriane.

Eg har eigentlig ikkje så mange tanker rundt dette nett no, veit ikkje heilt kva eg skal tru og meina. Likte veldig godt Mi-teorien, siden eg har sotte meg best inn i den. Men eg er veldig open nett no, kan ikkje sei det er ein teori som er best, men igjen; Eg skulle ønska det var ein fasit


Revidert 23 april 2008

Repitisjonen Birgit laga etter denne økta, var heilt super. Ting kom så godt fram. Og den oversikten vil eg nok få bruk for i fleire samanhenger.

Begrepet til Dewey er noko eg har sansen for: "learning by doing".
Dewey har hatt stor betydning for vektlegging av temaarbeid, prosjektarbeid og gruppearbeid i skulen. Dette er nok dei arbeids metodane eg sjølv liker best!

Kurset me hadde i formatering var til stor hjelp, men eg er langt i frå ein mester i det. Men ved å skriva fleire oppgåver, kjem eg nok inn i det. Kunne gjerna ha tenkt meg endo eit slikt kurs, er alltid noko ein kan bli betre på.

onsdag 24. oktober 2007

MI - TEORI


8 - 10 oktober var eg vekk reist med jobben, men Charlotte ringte meg og forklarte meg oppgåva. Ho og Reidun hadde delt lese stoffet i mellom oss tre, og onsdags kveld begynnte eg å lesa, fredagen var det studiedag. Så eg brukte dagen til å lesa, for på mandag skulle me møtas å finna ut kva teori me likte og ville jobba vidare me.

Mandag morgen møtes me på skulen, og me fant fort ut at Mi-teorien var den teorien me likte best. Me delte sprøsmåla mellom oss, så alle fekk sitt stoff og jobba med.
Me var på samtale med Birgit, og ho rettleia oss på rett veg, og svarte på våre spørsmål.

Så gjekk me tilbake til arbeid, fant ut me ville bruka drama på framføringa. Denne veka var vanskeleg for Reidun (personleg årsak), og me fant ut at ho skulle sleppa å tenka på Ped.

Fredag jobba eg og Charlotte, me hadde no kontroll over stoffet og spørsmål me skulle framføra. Men drama med to stk, blei vanskeleg. Så me satt oss ned og laga power point, så skulle me til søndag øva kvar for oss kva me ville sei.
På søndag møtes me, og gjekk gjennom framføring. Og gjorde den siste finpussen. No var alt klart til morgon dagen! (Og eg klarte ikkje sova, for eg kvidde meg so)

Mandagen kom veldig fort, og eg følte vel eg kunne det eg skulle sei, men var ikkje sikker på om eg skulle klara detta. Når eg såg den fuste gruppa framføra, blei eg veldig imponert, det var orginalt og eg lærte ein god del.

Off, eg blei nesrvøs når Charlotte presenterte oss, fant ikkje noko/noken å ha blikket mitt på. Eg husker ikkje no, kva eg følte når eg snakka under framføringa, alt gjekk så fort. Mange har komt bort og sa at me var flinke i ettertid, så det var veldig kjekt å høyra. Blei på ein måte litt stolt over oss, og det har vore ein veldig lærerik periode, og Mi-teorien vel eg ta med meg ut i skulen.

Og til slutt; det var kjekt å sjå andre sine meiningar, og eg lærte veldig mykje om dei andre teoriane, og skjønner at me ikkje alle ser likt på ting.

Revidert 23 april 2008

Med pedagogisk grunnsyn meiner vi den røyndomsoppfattinga , dei kunnskapar, verdiar og haldningar som ligg til grunn for all pedagogisk verksemd.(Frå Bigrit sin blogg, lest 23 april 2008)

Me vil ikkje alltid væra eninge i kva som er det "beste" grunnsynet, men vi må væra enige om kor me står og kva me vil oppnå.


Revidert 24 april 2008

Eg landa på MI - teoriene som er plassert under kognitivismen. Personen bak denne teorien er: Hpward Gardner, han ønsket å fokusere på kor ulike elevane var.
Utgangspunktet skal være kva barn kan og kva dei kan læra, altså fokus på elevenes sterke sider. Gardner la vekt på evnen til å løse problem, og evnen til å bruke kunnskaper i nye situasjoner.

multi – intelligenser (MI-teori) består av 8 intelligenser;
Språklig intelligens
Logisk – matematisk intelligens
Romlig intelligens
Kroppslig – kinestetisk intelligens
Musikalsk intelligens
Interpersonlig intelligens
Intrapersonlig intelligens
Naturalistisk intelligens


Kvifor: fordi eg syneast det er viktig å fokusera på elevens sterke side. Me er alle så ulike, men eg meiner og trur at alle har eit intelligens, ein ting dei er flink i. Og alle bør få oppleva i skulen, at dei er gode og følelsen av suksess.


Sosiokulturell teori og Vygotsky likte eg og. Det eg husker best frå timen, er "speil egget".
Den proksimale utviklingssonen ligger i spennet mellom to nivå -khva barnet kan klare aleine, og den øvre grensa for kva barnet kan klare ved hjelp av ein annen (lærer, en medelev, gode instruksjoner, konkretiseringsmateriell etc.). Utfordringa må alltid ligge innenfor rammen av den proksimale utviklingssonen, samtidig som barnet har noe å strekke seg etter for at det skal skje læring.
I lærar yrket treng ein eit pedagogisk grunnsyn, eg trur det hjelper deg på vei til dine mål. Og når ein er usikker på noko så kan ein gå i teorien å sjå kva den seier.

onsdag 3. oktober 2007

Å leia basisgruppa på læringsarenaen

- Korleis gjer eg det?

Den sosiale kompetansen er heilt sentralt, born treng vaksen, og vi som lærara må væra tydelege vaksne for desse barna som ikkje er våre eigne. Og det vi må tenke utroleg mykje på, er våre holdninger og sosiale verdier. Barn leggjer merke til dette, og det vil visse på korleis vi forholder oss til barn og unge. Både bevisst og ubevisst!

Kva holdningar vi har foreksempel til mobbing, religion, respekt, osv. Det er viktig at vi som lærar visser at vi har null toleranse for mobbing!! Og tar takk i mobbing med ein gong, vi obeservera noko. Religion; forda om du er kristen, skal du ikkje snakka ned mot dei andre religionane, du skal snakka om dei på lik linje. Barn vil ta etter dine holdningar, og du påverker dei med alt du seier og gjere.

"Den som trur han er ferdig utdanna er ikkje utdanna, men ferdig" Vi lever i ein generasjon som gjera at veldig mange av oss byter yrket i løpet av livet, det gjore ikkje besteforeldra våre. Det har sjedd mykje dei siste åra, og det er store forjellar berre på 1 generasjon. Eg trur det er viktig at vi tar med oss, dette utsagnet, og tenker vi har alltid noko nytt å lære, vi vil alldri være ferdig utlærte, det ville alltid komme nye problem på vår veg.

Vi som lærarar har makt, og makt krev ansvar. Og vi må være bevisste på vår makt og ha profesjonelle haldningar. Det er viktig at vi har eit fagleg fokus, flyt i undervisninga, at vi set grenser - konsekvensar. Men korleis er desse grensene? Vi skal ha forståing og væra medmenneske, vi skal gi ros! Men husk, gi den rette rosen!

Her er det viktig at vi har eit godt samarbeid med foreldra, skule og alt rundt. Og husk det er ikkje dom å be om hjelp, men det er domt å be om hjelp for seint!! Gå heller etter hjelp tidleg enn, at noken andre må ta over dit rot! Vi er alle mennesker som kan feile, men det å be om hjelp visser at vi vil lære, andre kan hjelpe deg på rett veg.

Til slutt vil eg at vi alle skal tenke på mobbing, og laga oss ei oppfatning om kva vi meiner om mobbing, sjå filmen om kva mobbing er! For at 35 - 40 000 barn blir mobba i morgen, er alt for mange! Og vi må alle ta eit tak, alle skal føle seg trygge på skulen. Det er veldig lett å sei at du er i mot mobbing, men du må og visse at DU ER I MOT MOBBING!

For det å bli mobba er det versta, og det setter spor heila livet. (det følger deg heila livet, og eg kan sei detta fordi eg har sjølv vore redd for å gå på skulen, og eg har opplevd at ein av mine nermaste, ikkje kjem ut av romet fordi han er redd)

- Så mi oppfordring til alle; når dåke kjem ut i skulen, og dåke ser mobbing! Ta opp kampen MOT MOBBING!


Etter kommentar frå Christina: (kvifor trur du det er blitt slik at folk skiftar yrker oftare no enn før?)

Eg trur at grunnen til at me skiftar yrker oftare no enn før, er at det skjer store forandringar i samfunnet meir i dag enn før. Men den størrste grunnen trur eg at er pga folk vil gjera noko nytt, dei blir lei av det samma kvar dag, vil ha nye utfordringar. Og av og til kjem det inn helse problem som gjere at du må skifta. Samfunnet har opna for at me kan utdanna oss heile vegen, og me kan skifta yrke når me vil!

Revidert 23 april 2008

Det oppskrifta på god læring var stilli, og morsam slik den blei lagt fram. Og eg meiner han stemmer. Trygghet, gode relasjon, godt/spennade læringsmiljø, motivasjon og engasjement er oppskrifta på god læring. Og alle desse punkta har me vert innom i løpet av dette skule året. Ein kan ikkje fokusera berre på ei ting, men alle tinga må væra med ellers blir ikkje "kaka" god.

"Læring i skolen foregår i en sosial sammenheng og denne konteksten er viktig for hva elevene får ut av undervisningen og læringsaktivitetene." (Ogden 2004 s124-125)

"Situasjonen i klassen kan også legge opp til at eleven utagere" (Ogden 2004 s124)

For meg blir det viktig å skape eit godt klassemiljø, ingen elever vil kunne lære uten eit godt miljø. Så når eg kjem ut i skulen, vil eg først å fremst skapa eit godt miljø i klassen. For å skapa eit godt miljø for ALLE, må du jobba på lag med kvar av dei. Og få elevane til å jobba i lag for å få eit godt klassemiljø.

søndag 23. september 2007

Observasjon

Meir enn berre å "sjå"

Å vera observerande = vermåte

Det å obeservera er eit hjelpemiddel og eit verktøy for pedagogen, når du ser noko er det viktig at du skiller ut det som er mindre viktig og tar med deg det viktigaste. Du må skildra det du faktisk ser, og ikkje kva du trur og kunne tenkje deg å sjå. Det tar oss 10 sek. å laga oss ei meinging om ein person. Og når vi har laga oss ein oppfatning, er det vanskeleg å snu den. Dette blir viktig å tenke på ute i skulen, og vist du tenkjer deg om. Så er det ikkje kjekt vist folk ser på deg i 10 sek. og så trur dei at dei kjenner deg. Vi mennesker er veldig flinke å dømma folk etter det vi ser med fuste blik.

"Hva og hvordan jeg ser, sier noe om hvem jeg er og blir" Bae.

Eg trur at når vi skal obeservera at vi tenker posetivt og ikkje henge oss opp i det spesiele. Det er mykje vi kan obeservera på ein skule, og det eg trur er viktig er at vi ser på korleis dei er med kvarandre og då tenker eg spesielt på mobbing. Og her er det vertfall viktig at vi er klar over at vi kan feiltolke, og vi skal ikkje gjera oss opp ei meining basert på ein ting vi ser. Vi mennesker dømmer kvarandre alt for fort, vi må kunne observera uten at vi begynner å leggje på meir enn det vi ser. Og ikkje lager oss ein konklusjon av ein personar og hendingar ut av det vi ser.

Det vi skal jobba med under praksis er å kunne sjå; korleis er barn? Vi kan sjå på korleis dei kler seg, kva dei snakker om, kva dei leker med, og er opptatt av. Det er mange måtar du kan føre det du ser, du kan skrive loggbok, føgje min for min, forteljing osv.

Det du ser gir deg grunnlag til refleksjon, å forstå.

Revidert 23 april 2008

Når eg sjølv skulle ut i observajson, var eg ikkje heilt sikker på kva eg ville sjå og oppleva. Ville det eg såg stemma med korleis eleven var? Men eg forventa vel at eg skulle lærar noko når eg skulle på observasjon.

Observasjon og loggføring trur eg er viktig i skulen fordi; når eg observerer ser ein ofte ting som ein ikkje ser til vanleg, og ved loggføring kan ein reflektera i etter kant. Men ein bør ikkje væra for rask til å treka ein konklusjon, ein kan av og til at oppfatta det feil.

Når eg blir kjendt med ein person vil ein kunna gjera observasjon på ein annan måte, du veit korleis personen er til vanleg, og vil kunna sjå om personen er glad eller trist.

I skulen må ein kunne gjera observasjonar, eg trur du lærar mykje av det å sjå korleis barn oppfører seg.

lørdag 8. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver

Læraren sitt mandat og mange oppgåver.
Balanse kunst mellom mange omsyn.

Det første eg stoppa opp på var ordet mandat, så eg slå opp på språk rådet si sida og fant ut dette:
manda't n1 (frå lat., pf pt av mandare 'påleggje, gje i oppdrag')
1. fullmakt ha m- til å gjere noko / ha m- frå styret / bunde m- standpunkt som er avgjort på førehand
2. arbeidsoppgåve, oppdrag nemnda har fått eit vidt m-
3. verv, ombod som representant i ei folkevald forsamling; plass på Stortinget e l partiet fekk to nye m- ved valet
4. styring, forvalting, overhøgd (særleg over tidlegare koloniar)
Eg synest det var greitt å veta før eg gjekk vidare.

I dagens økt gjekk vi gjennom veldig mykje av arbeidsoppgåvene og ansvaret til læraren.
Vi blei presentert med Inge Eidsvåg, som har blant anna laga ti bod lærarar. Dei synest eg vi alle skal ta med oss vidare, den eg tenkte mest over var; du skal sjå elevane.

”Du skal sjå elevane” du skal sjå alle like mykje, men det er kanskje andre som treng at du ser på dei meir. Når elevane er på skulen blir dei læraren sit ansvar, og dei treng omsorg på skulen og som i heimen. Læraren har fått utvida arbeidsoppgåvene sine, ein skal vise omsorg til elevane. Og ein lærar er pålagt til å melde i frå om ein meiner det er omsorg svikt i heimen. I denne samanhengen vil eg ta inn diktet; som var med i førelesninga men på engelsk, eg likte det betre på engelsk.
”A child”
If a child lives with criticism - it learns to condemn.
If a child lives with hostility - it learns to fight.
If a child lives with ridicule - it learns to be shy.
If a child lives with shame - it learns to feel guilty.
If a child lives with tolerance - it learns to be patient.
If a child lives with encouragement - it learns confidence.
If a child lives with praise - it learns to appreciate.
If a child lives with fairness - it learns justice.
If a child lives with security - it learns to have faith.
If a child lives with approval - it learns to like itself.
If a child lives with acceptance and friendship - it learns to find love in the world

Lærarane har mykje å støtte seg til, som opplæringslova, læreplanar, rammeplanar. Men det står ingen plass korleis ein skal sjå eleven på ”den rette og beste måten”. Korleis kan eg som om 4 år er nyutdanna lærar veta korleis eg skal visa den rette omsorga for elevane? Vil eg læra dette gjennom desse åra mine på skulen?
Eg veit kva omsorg eg, men eg lure på om eg vil kunne klara å visa den til alle dei elevane eg skal ha? Og eg trur eg vil vertfall ta med meg detta diktet, så kan det hjelpe meg på veg.

Eg oppgjennom tida hatt mange ulike lærarar, og når eg tenker meg om så dei eg husker best og likte best er dei som viste at dei brydde seg verkelig om oss, eg såg at dei brydde seg om korleis me hadde det og at dei ville verkelig hjelpa oss. Å føle seg tygg og veta at dei er det for å hjelpa deg og ikkje berre få deg til å læra masse nytt. Så ser eg at eg har ei stor utfordring framfor meg. Eg skal kunne læra vekk stoff og visa omsorg til alle elevane mine. Men vil eg verkelig læra korleis eg skal klara da?

Mange seier at lærar har det så lett, korte dagar og lange feriar. Men no ser eg at det er utroleg mykje arbeid rundt. Ein må arbeida med stoffet til undervisninga, sjå at alle trives og passa på at alle får den hjelpa dei treng osv.

Me har store utfordringar framfor oss, mobbing er noko av det må ta tak i. Og eg håper alle kan jobba for ein skule utan mobbing!!
Revidert 23 april 2008
Dette med heimeskular og privat skular, eg sa ingen ting om dei innlegga Birgit hadde lagt ut. 1,7% av grunnskule elevane i 2000/01 går på privat skule.
109 barn i 2002 fekk undervisning heima.
Eg er ikkje i mot verken heimaskular eller privatskular, men det eg henger meg mest opp i er, om privat skulane er betre? Det kosert jo pengar å ha barna sin der, så ein skulle trur det var betre. Så mit store spørsmål er om privat skule er best?
Det med heimaskule, er ikkje i mot. Men burde ikkje barna bli vant med å gå på skule? ikkje ha foreldra der? og det å få mange nye venner? Men eg skjønner dei foreldra som bur på bygda at dei vil at dei yngste barna skal sleppa ein land buss tur. Men vil dei ikkje så væra veldig nervøs når dei skal begynna i 5klasse? Eller kansje dei er meir klare for det?
Mange spørsmål, og dei kan vel ikkje finna svar på det. Før ein ser på dei barna som har det slikt.
Men eg meiner at når barna skal begynna i 5 klasse, bør dei væra på ein skule. Med mindre det er helse årsaker som spelar inn i bilete.
Birgit spørte meg om kva som ville bli den største utfordringa for meg som lærar, Oppdraging? Klasseleiing? Samarbeid?
Eg veit faktisk ikkje, men eg trur det må væra oppdraging. Ein skal jo oppdra barna i samsvar med foreldra. Og ein lærar kan sjå ulikt på ei ska enn foreldra til barnet. Men eg trur at skal ein lærar hjelpa med oppdraginga til eit barn, må ein først skapa tillit med barnet. Det trur eg kan bli ei utfordring, skapa tillit til alle elevane du har-