søndag 30. mars 2008

Yrkesetisk seminar


Onsdag 26 mars starta me dagen med eit par førelesningar, dei gidde insikt i kva me skulle jobba med desse 3 dagane. Eg glede meg til detta temaet, det høyrtes spennande ut. Me blei delt inn i grupper, eg kom på gruppa med Anna Kristin og Maria. Me 3 starta med å laga dei 10 bod. Me fant fort ut korleis me ville at dei etiske bud for ein lærar skulle sjå ut. Men det tok si tid å formulere dei på best måte.
Slik blei våre bud:

1. En lærer må ha evne til å se hver enkelt elev.
2. En lærer skal være et godt forbilde for elevene.
3. En lærer må ha evne til å motivere og engasjere elevene.
4. En lærer må prioritere elevene framfor undervisningen når det er nødvendig.
5. En lærer må kunne samarbeide med foreldre/foresatte.
6. En lærer må holde taushetsplikten sin.
7. En lærer har meldeplikt dersom det er mistanke om alvorlig omsorgssvikt eller mishandling av en elev.
8. En lærer må kunne samarbeide med kollegaene sine.
9. En lærer må ha selvinnsikt.
10. En lærer må kjenne til gjeldende læreplaner og lovverk som omfatter lærerrollen.


Torsdag 27 møtes me på skulen halv 9 og starta arbeidet på casane. Me starta på case 4, som nok var den som tok lengs tid. Her var det veldig mykje informasjon, og det var veldig mange personar inn i bilete. Men faktisk så var me alle 3 einge i korleis me ville ha løyst ein slik situasjon. Dei tre andre casane tok ikkje så lang tid, det var litt mindre informasjon på dei, men på alle casane var me alltid enige om korleis me ville ha løyst problemet. Eg seier ikkje noko om dei dei ulike casane, sida alle av oss har lest dei og jobba med dei.

Eg har lært utroleg mykje desse 3 dagane, det har vore 3 lærerike og kjekke dagar. Og det å jobba på denne måten har og vore kjekt. Det å sitta i lag og kunne snakka, gjere at ein får fram mange ulike syns punkt, og me har alltid litt ulike syn på ting. Men det å høyra andre sine syns punkt gjere at du lærar kansje endo meire (føler vertfall eg).
Og med ei slik samling på fredagen gjorde det enda betre, det blei diskusjonar. Og eg fekk sjå enda fleire syns punkt. Og lærte masse til eg skal skriva oppgåva i Krl.

Eg veit ikkje heilt kva meir eg skal sei om desse dagane, håper me får jobba slik fleire gongar :)

Revidert 22 april 2008.

§ 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.

§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.

Me som lærare må væra klar over kva som står i opplæringslova om opplysningsplikt. Og sette oss inn i kva lova seier og kva det vil seie i praksis.

§ 2. Skikkethetsvurdering/definisjon
Løpende skikkethetsvurdering av alle studenter skal foregå gjennom hele studiet og skal inngå i en helhetsvurdering av studentens faglige og personlige forutsetninger for å kunne fungere som lærer eller som helse- eller sosialpersonell. En student som utgjør en mulig fare for barnehagebarns og elevers eller pasienters, klienters og brukeres liv, fysiske og psykiske helse, rettigheter og sikkerhet, er ikke skikket for yrket

§ 3. Vurderingskriterier for lærerutdanningene
a) studenten viser manglende vilje eller evne til omsorg og til å lede læringsprosesser for barn og unge i samsvar med mål og retningslinjer for barnehagens og skolens virksomhet.

b) studenten viser manglende vilje eller evne til å ha oversikt over hva som foregår i en barnegruppe eller klasse og ut fra dette skape et miljø som tar hensyn til barn og unges sikkerhet og deres psykiske og fysiske helse.

c) studenten unnlater å ta ansvar som rollemodell for barn og unge i samsvar med mål og retningslinjer for barnehagens og skolens virksomhet.

d) studenten viser manglende vilje eller evne til å kommunisere og samarbeide med barn, unge og voksne.

e) studenten har problemer av en slik art at han/hun fungerer svært dårlig i forhold til sine omgivelser.

f) studenten viser for liten grad av selvinnsikt i forbindelse med oppgaver i lærerstudiet og kommende yrkesrolle.

g) studenten viser manglende vilje eller evne til å endre uakseptabel adferd i samsvar med veiledning.

Eg synest at det er bra at det er ei slik vurdering rundt oss studentar, og det er ein grunn til det og; me skal jo bli lærar. Etter desse dagane har me fått blit kjendt med desse lovene, og når ein tenker på meldeplikt, så er det ganske viktig at ein skjønner kva ein skal melda i frå om. Og huska at: det er barnas beste du skal tenke på!

tirsdag 25. mars 2008

Praksis veke 9-11


Ein KJEMPE kjekke periode! Og ikkje minst lærerik.
Det har vore 3 utrolege veker, som eg ikkje kjem til å gløyma.
Me har jobba på tema, så me var 6 studentar på 6.trinnet, og det i seg sjølv har vore til mykje hjelp. Når du treng hjelp til noko, så er det alltid ein annan som kan hjelpa til. Me har planlagt alle øktene i lag, og det å laga lekse- timeplan har gått meget bra. Det er ein del som må planggjast, og mykje ein må ta med inn i bilete. Kva skal ein gå igjennom?, kor lang tid skal ein bruka? skal ein ha hjelpemiddel? korleis skal elevane sitta? osv. Mange spørsmål ein må tenkja på.

Det som eg synast har vore vanskeleg er å finna den tingen som gjera at elevane vil væra motiverte den timen, og ha lyst til å læra. Men ved hjelp av studantar og ikkje minst øvingslærar, har det og gått bra. Ingen av dagan har vore like, og ingen av elevane er like. Det er spesielt å sjå kor ulikt 25 elevar jobber med same oppgåva.

Denne perioden har eg fått vore med på; solidaritetsdag, og me laga ting med elevane. Me laga gele lys, drops og engle egg :) :) Og tinga blei kjempe fine!
Eg har og fått vore med å på å sjå korleis dei løyser det når jentene i klassen krangler, vore på isen med dei.

Me har brukt IKT i Krl, matematikk og norsk denne perioden. I krl jobba dei med oppgåver som låg på heimasida til Vi i verda, i matematikk lærte me dei korleis dei skulle bruka rekne ark. Og i norsk brukte me programet Cartoonist, det likte dei utroleg godt.

Eg har blitt utroleg godt kjendt med elevane, og det var trist å sei hade. Eg trur det blir merkeleg å komme tilbake på Langeland, og skal ikkje til dei.

Revidert 22 april 2008

Måle mit denne perioden var; å kunna kommunisera med klassen mens eg underviser.

Dette målet satt eg meg etter at eg var ferdig med praksis perioden i høst, dette målet satt eg fordi. Eg meiner det er viktig kommunisera med dei du undervise for, få med deg alle som er i klasseromet.

Eg hadde eit økt der eg hadde om hjelpe middel som er brukt i teikneserie, elevane blada i læraboka mens eg undervister, slik at dei kunne sjå på dei ulike hjelpe middla, og sjå korleis dei var brukte. Elevane svarte ivrig på spørsmåla mine, og eg hadde ein samtale med klassen i ca. 40 min, hehe. Øvingslærar fekk heilt sjokk at eg snakka så lenge med dei, og det var heller ikkje planen. Men Elevane og eg var så ivrige, tok liksom aldri slutt. Men øvingslærar sa det hadde fungert utroleg bra. Og når elevane sjølv såg på klokka, blei dei heilt sjokka. Men ein sa: ååå, denna timen har gått fort, dette må me gjera fleire gonger. Underveis i timen passa eg på at alle fekk snakka, og ikkje minst at kommuniserta med alle. Og det følte eg at eg gjore.

Dette målet følte eg sjølv at eg nådde, og øvingslærar var enig med meg.
Det eg må jobbe med vidare:
* skrive på tavla
*Ikkje bli nervøs
*skriva rett (ikkje problem under undervisning, då har eg alt på kladd det eg skal skriva på tavla)
*klara med uten kladd

Kjem ikkje på fleire ting nett no, men er nok fleire punkt eg bør jobba med.

Hmm, var skal mit neste mål væra?! å gjennomfør ei undervisnings økt ute i natur.

Spesialundervising


Eg var ikkje på skulen denne dagen, og det var domt. For detta er eit tema som eg synast er viktig, og spennades å læra om.

Alle elevar er ulike og treng eigen krav. Dei treng å løysa oppgåver på deiras nivå, og veksa frå der dei er og å få utvikling. Dette skjønner eg at ikkje er lett for ein lærar som har kansje 28 elevar, og dei treng alle eigne oppgåver på sitt nivå. Men som sakt alle er ikkje likt, og det er læraren sin jobb å tilpassa det for elevane, ALLE elevane.

Det er viktig at eg kjem inn skuletestar tidleg inn i bilete, og ein bør følgja slike testar godt opp. Og ha dei ofte på elevar som det ser ut som om dei har vanskar. Det er viktig å få ein diagnose tidleg.

Det er sikkert ikkje lett å identifisera behova til alle elevane, og det er kansje ikkje lika lett å veta korleis å setja i gong? Men det er læraren sitt ansvar å gi besje til skulen når det dukker bort tilfeller. Her er det viktig med skuletestar, og fleire testar visst ein er usikker. Kva kompetanske ein lærar bør ha på dette området? er eg veldig usikker på, men ein treng god kjennskap, veta korleis ein skal handla. Eg synast alle lærare burdde ha spesialped. Eg trur det vil gjera kvardagen enklare for lærar og elev.

Løsningane må væra tilpassa til eleven, og elevens beste! Og dei skulane som ikkje har så mykje penger, må få hjelp av staten. Norge er eit rikt land, og det er dei som går på skulen som skal driva landet i framtid. Og då må dei få den rette hjelpen.

Lese- og skrivevanskar er eit av problemma i skulen i dag, 1-2 elevar i ein klasse på 25 har dette. Eg husker sjølv tilbake på åra mine på barne skulen, eg brukte langt tid på å lesa, skriv alltid feil. Det var raud over alt eg hadde skreve, minus i matematikk boka mi. Eg hadde då ein far som satt utroleg mange timar med meg heima. Pappa og mamma sa i til skulen, at dei ville at eg skulle få eksra hjelp. Men skulen meinte eg kun var svak/treig, og ville komma meg med åra.
Når eg kom på ungdomsskulen blei der tøffare, eg synast det å lesa, å skriva var tungt. Eg HATA norsk, og å lesa. Den læraren eg fekk, såg med ein gong at eg skreiv mykje feil og leste veldig seint. Og fekk lite med meg når eg leste. Dei kontakta PPT, og eg blei testa i 9 klasse. Der eg fekk besje om at eg hadde dysleksi. Og skulen skulle hjelpa meg. I norks fekk eg gå ut av klassen og jobba aleina med ein lærar, dette gjorde eg til eg gjekk ut av 10klasse. Og i løpet av den perioden, blei ting mykje lettare. Så til den tida eg starta på vidargåande var ting lettare. Men der får du ingen ekstra hjelp, og eg måtte jobbe utoleg mykje. Eg var hos PPT rett før eg blei 18, eg blei testa igjen, og eg var ikkje der ein 18 åring burdde væra. Eg skulle komma inn igjen om eit par veker, så skulle dei snakka med skulen. Men etter eg blei 18, datt eg heilt ut av systemet. Og eg gadd ikkje bruka meir tid på det. Det var tungt,men eg hatt fantastiske foreldre som har brukt masse masse tid på å hjelpa meg, og ei venninda som har jobba med meg heile vegen. Og uten ho og mine foreldra hadde eg ikkje gidda å jobba med mine problem. I 3 klasse var eg ganske ein normal elev i norsk, med 4 i karaktet i norsk. No når eg ser tilbake på denne perioden, skulle eg verkeleg ønska at eg fekk hjelp på barneskulen, eg lurar son på om meg hadde vore bettre? og om eg hadde klart med betre?

Med denne erfaring, har eg så lyst å gjera det lettare for dei som går på skulen i dag, og føler seg dom. Fordi ein periode kjenner du deg rett og slett dom. Og har ikkje tru på deg sjølv.
Og det finnast andre ting som spelar inn på korleis elever er på skulen eks: ADHD, osv.
Eg såg på dei linka som var lagt ut, og mykje av det som kom fram skremmer meg, og det med medesin som framprovoser sjølvmords tankar.

Det som vart viktig for framtida: Er at elevane må bli testa tidleg, og få hjelp!! Det er ikkje alle som har ein stabil heim. Eg synast det var litt vanskeleg å skriva frå denne økta, sidan eg ikkje var der. Men eg har vertfall meiningar rundt det, og alt eg har lest rundt denne økta (linkane), har gidd meg uroleg mykje informasjon. Og lysten til å gjera noko.